Ad fontes
Kva er Ad fontes?
Ad fontes er HF-studentane sin eigen fakultetspub. Her finn du mjuke sofaar, gratis* te og kaffi, og
svært god stemning. På dagtid fungerer Ad fontes omtrent som ein kafé, der folk tek med seg matpakka for å slappe av eller ha kollokvie. Litt utpå kvelden dempar vi lyset og skrur opp volumet på musikken.
Kvar ligg Ad fontes?
Ad fontes ligg i den gamle tilsettkantina i HF-bygget. Inngangen ligg på baksida av bygget. Ta til høgre når du står å framsida av bygget og følg veggen forbi parkeringsplassen. Ad fontes-kart.
Kan eg vere med?
Absolutt! Ad fontes er drifta utelukkande av frivillige, og utan desse er det ingenting som går rundt. Som frivillig forventast det at du jobbar i snitt éin gong i veka, og tek éi kveldsvakt kvar månad. Som frivillig får du noko lågare prisar og invitasjon til internfestar og anna moro.
Når ein har arbeida meir enn 300 timar vert ein «Primus Inter Pares» som er Ad fontes’ ærestittel. Dette tyder «fremst blant likemenn» og ein har då evig internstatus med tilhøyrande gode. Om ein vil engasjere seg ytterlegare i Ad fontes er det mogleg å inneha styreverv som feks PR-ansvarleg, leiar eller nestleiar. Ein kan òg delta i økonomigruppa som har ansvaret for økonomien til ei lita bedrift, eller i arrangementsgruppa som skapar flotte arrangement og hendingar i Ad fontes.
Kva meiner du med at kaffien er gratis*?
Studentsamskipnaden i Bergen har monopol på kafédrift ved UiB, og vi har difor ikkje høve til å selge kaffi eller te medan kaféen på Sydneshaugen skole er open.
Vi har difor oppretta Kaffifondet Ad fontes. Formålet med fondet er å kunne by HF-studentar på gratis kaffi og te i Ad fontes. Diverre har det seg slik at både kaffi og te kostar pengar i butikken. På Ad fontes er kaffi og te gratis for alle med gyldig semesterkort frå HF. For ikkje å gå med eit dundrande underskot set vi stor pris på om du bidreg med nokre kroner innimellom.
Alle bidrag går uavkorta vidare til drifting av Kaffifondet Ad fontes.
Kaffifondet held det gåande so lenge vi klarar unngå raude tal.
Historie
Ad fontes (tidlegare Sosiale humanister) vart stifta hausten 2009 av Humanistisk studentutvalg (HSU) og arbeider for å betre det fagleg-sosiale miljøet ved Det humanistiske fakultet. Frå januar 2011 har Ad fontes drifta ein studenkafé der alle studentane på HF kan få ein kopp med kaffi/te og nyta våre mjuke sofaar. I mars fekk Ad fontes tildelt skjenkeløyve av Bergen kommune.
Ad fontes er drifta av frivillige og treng alltid fleire studentar til å servera kaffi og skapa god stemning. Om du ynskjer å vera frivillig kan du registrera deg her
Ad fontes kan nyttast av alle studentorganisasjonane på HF, og me vonar på mange gode, opne arrangement som alle på HF kan nyta godt av. Om du/dykk ynskjer å tinga Ad fontes so finn du informasjon om dette her
Ynskjer du å kontakta Ad fontes finn du meir informasjon om korleis dette kan gjerast her
Internsida finn du her
Ad fontes sine opningstider finn du her
Alle undersider om Ad fontes:
Sagt om Ad fontes:
Etter arbeidet starta vinteren 2008 var det fredag 14. januar klar for opning av HF-puben. Pensumkafé var første arrangement på planen.
Studvest: Etterlengta pub (19.01.11)
I tre år har studentane ved HF venta, og i dag opna endeleg dørene til det nye studentlokalet ved fakultetet.
HF: Ad fontes opnar dørene (14.01.11)
Når man hører ordet «pub» tenker man kanskje først og fremst på øl, men det kan se ut som at vi HF-studenter må vente enda en stund før vi kan fukte ganen med det «magiske mjød». Årsaken: skjenkebevilgningen er ennå ikke på plass.
Atrium: Endelig får HF sin egen studentpub (13.01.11)Det er slik ein avslappande atmosfære her, og det er så fint at lokalet vert brukt til noko anna enn ei traust og tom kantine, seier ho.
Brostein: Ein heim utanfor heime (28.01.2011)
Kafeen åpnet offisielt i dette tidspunktet og mange var samlet for å feire åpningen og oppgraderingen fra kafé til pub. HF-revyens band testet instrumentene, studentmediene stod klare og både dekan og rektor satt plantet i en av møtestedets retrosofaer.
Atrium: En ny tid for humanistene (15.03.2011)
Kvar er Ad fontes?
Ad fontes ligg bak HF-bygget, og er ei sjult perle. Fylj kanten av bygget rundt so finn du oss.
English
Ad fontes is the Department of Humanities students’ very own gathering place, a café/pub located on the ground floor with the entrance on the north-western side of the Department of Humanities building. Usually open on Mondays, Tuesdays and Fridays from 10:00 to 18:00 and on Wednesdays and Thursdays from 10:00 to 00:00, we offer comfortable couches, fresh filter coffee and a relaxing mood. If you are a student with the Department of Humanities, this is the place to drop by, whether you want to just hang out, eat your lunch and listen to the low-key background music, get to know new people, or discuss coursework with fellow students. The coffee is free through volunteered donations, and brewed throughout the day by one of our volunteer workers. If you would like to be a volunteer worker (4-6 hours per week) and help out, send an email to ny.adfontes.uib.no.
Pусский язык
Ad fontes является кафе для студентов гуманистического факултета Бергенского университета. Здесь можно классно тусоваться с друзьями, просто выпить чашку кофе или обсуждать глобальные проблемы и всякие другие темы со своими однокурсниками. Кафе расположено на первом этаже серого здания гуманистического факультета, но там есть и книги и люди разных цветов. Вход взади здания. Время открытия: понедельник, вторник, пятница – 10-18, среда, четверг – 10-24. Кафе открыто во время семестра. У нас уютные диваны, свежое кофе и хорошая атмосфера. Если вы хотите работать добровольцем, посылайте нам сообщение: ny.adfontes@uib.no








Fyrstkomande tysdag