HF- og SV-studenter – Suitable for Business?

Det er nesten tabu å snakke om kva ein skal bli etter fullført HF- og SV-utdanning. Muligheitane verkar få, og bedrifter ser kanskje ikkje heilt potensiale i desse studentane.

Dette har «Suitable for Business» i København lyst å endre på! For andre gang arrangerest dette, og i år kan vinnarane stikke av med 10.000 danske kroner, etter å ha løyst ein case hos Danske Røde Kors.

«Suitable for Business» er ein organisasjon, som held ein konferanse og ein business case competiton. «Suitable for Business» er drevet av studentar, og er non-profit. Den er åpen for deltakarar frå SV- og HF-fakultet, som får sjansen til å løyse eit ekte problem som oppstår i bedrifter.

Konseptet for business case competition som følger: Lag på 4 studentar frå same universitet innanfor HF og SV (men ikkje nødvendigvis same studieretning) deltek. Det er 12 lag totalt, og desse får testa sine evner til å løyse problem. Vinnaren stikk som nevnt av med 10.000,-, samt heder og ære.

Undervegs i konferansen får du også møtt inspirerande talarar og foredragshaldarar, samt bygd eit nettverk av spennande moglegheitar.

Fristen for å søke deltakelse er 1. februar, så med andre ord: Ikkje nøl om du vil benytte deg av denne sjansen! Og det burde du!

For meir informasjon, kan du lese litt på Suitable for Business sin heimeside, lese kva Studvest skriv om dei som reiste i fjor, eller sjå kva som skjer i år.

ArbeidslivsutvalgetPermalink

Comments are closed.